Ut av dynene!

* Kristendom er meir enn moral og «verdiar».
* Ei kyrkje kan ikkje overleve lenge der sjølve basen forvitrar og ferre identifiserer seg med fylden i bodskapen.

Haram2
Av Br Arnfinn Haram,
Dominikanerpater,
St Dominikus kloster Oslo

Ut av dynene? Neida, slapp av, det skal ikkje handle om sex, men om noko som er like forførande: Om julestemninga som ein kulturell mentalitet når det gjeld nordmenns religiøse praksis. Ifylgje den offisielle myten går «alle» til kyrkja på julekvelden, skjønt vi veit at dei fleste faktisk ikkje gjer det; ja, at det til og med har vore ein nedgang det siste året.

Støast står gravferda
Vi kjenner att det same stemningsleiet når det er snakk om den store oppslutninga om dåp og konfirmasjon, om bryllup og gravferd.
Støast står gravferda, kyrkja er stadig best på dødsrituala. Det skal ein ikkje kimse av; dei orda som held i døden, er som regel eit teikn på kva som held i livet. At ein seig majoritet endå let borna sine døype og at så mange stadig blir konfirmerte i kyrkja, viser også at det er ikkje er så lett å kutte alle banda til den kristne tradisjonen som ein skulle tru. Det ligg ein slags sta vilje i dette som ein skal merke seg.
Men det er defensivt å satse for mykje på det som endå er att av den kristne einskapskulturen. Kyrkja og kristendomens plass i historia vår skal ikkje underkommuniserast og undervurderast, trua sin styrke kan i dag likevel berre visast i evna til å hevde seg som eit aktivt val på basis av ei personleg overtyding.

Drastisk mindre
Tradisjon tyder overlevering og inneber å gje noko vidare på ein verksam og vilja måte, slik dei russiske babusjkaene kviskra Fadervår og heilage ord inn i øyret til borna og lurte heile det ateistiske maktapparatet i Sovjet-staten.
Trusformidling vart motkultur. Ei levande kyrkje kan ikkje nøye seg med å apellere til restar av fortida om dei er aldri så trauste. Ho vil våge å utfordre menneske til å ha eit aktivt tilhøve til tradisjonen som noko som formar notida og framtida.
Mange held fast ved dei kyrkjelege rituala, men oppslutninga om kyrkja sitt sentrum, messa med den fullstendige forkynninga, trusvedkjenninga og nattverdfeiringa, er drastisk mindre.
Både teologisk og sosiologisk kan ein trygt seie at ei kyrkje ikkje kan overleve lenge der sjølve basen forvitrar og ferre identifiserer seg med fylden i bodskapen. Heller ikkje i fotballsporten er det særleg gagn i at fansen er talrik dersom ingen vil stille opp som spelarar og bli skikkeleg gode på banen. Ei vag fotballinteresse er ikkje nok.

På glattisen
Greitt nok at det alltid vil vere nokon som heng seg på lasset, som ikkje kan eller vil stå for ei tydeleg tru; vi er alle undervegs. Problemet oppstår når dette blir idealisert og sett som standard, når unntaket gjer krav på å vere regel og minimum blir definert som maksimum. Det er her dei gamle folkekyrkjene, både protestantiske og katolske, er ute på glattisen i våre dagar. Ein vil så gjerne stå sterkt, så gjerne at alt skal vere som før, at alle eigentleg er positive og eigentleg er kristne.
Når butikken går dårleg, er det freistande å setje prisane ned og la alt gå på sal for å halde på kundane. Og folket på si side syns det er trist å kvitte seg med trua sine gamle festplagg, det gjeld berre om å få kyrkja si godkjenning av at alt er ok sjølv om ein langt på veg er usamd med henne både i tru og moral.
Kyrkja trur at ho er open og folkeleg når ho høvlar ned tersklane og ikkje stiller krav – mens det i realiteten dreiar seg om ei siste paternalistisk krampetrekning, ein siste illusjon av at det er veldig viktig for folk kva kyrkja meiner som eit slags moralsk overhus for folket. Den funksjonen har ho kanskje hatt, men det er ei patetisk sjølvforståing i vår tid.

Stagnasjon
Denne mentaliteten med nesten panisk gjensidig bekrefting er lite konstruktiv og skaper stagnasjon i møtet mellom tru og samfunn. Det som trengs, er ein ny vilje til sivilisert og venskapleg konfrontasjon. I ein slik atmosfære kan alle partar stå for sine overtydingar på ein fulldimensjonert og verkeleg open måte. Det inneber debatt, sakleg orientering om tru så vel som om vantru, overvinning av fordomar og, ikkje minst, ansvar og stillingstaking.
Kyrkja si viktigaste oppgåve no er å bidra til religiøs ansvarleggjering av sine medlemer og forsåvidt heile folket. Er det så at mange syns det er viktig med ein kristen kulturarv, vel – så gjer noko med det!
Det er ein kapital som må investerast og setjast i omløp og ikkje liggje og ruste på kistebotnen.
Ubrukt religion blir borte til slutt, som alt anna. Aller verst er det når ein argumenter med «vår kristne kultur» som eit aggressivt våpen mot andre religionar og framande i det heile, utan sjølv å ville ta trua si på alvor.
For å kome vidare, må ein kvitte seg med sentimentaliseringa av religionen både frå folket og kyrkja si side. Ei meir sakleg tilnærming er frigjerande for alle partar:
Kva innber kristen tru og praksis, presentert objektivt og informativt? Korleis er den faktiske opplsutninga om dette i befolkninga? Kva val må gjerast?
Kyrkjeleg julfeiring handlar meir om realitetar enn om stemningar. Mitt juleynskje er at alle kjem seg ut av sengevarmen og heller tenkjer ansvarleg og handlingsretta. Også om religion. I det lange løp gjer det også stemninga betre.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00