Å sminke likestillinga

Eg tippar at 1 / 3 av alt sjukefråvere botnar i kapitulasjon ved klesskapet, skriv forfattar Agnes Ravatn på kvinnedagen.

Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid

agnesr

Dagen før hundre tusen italienske kvinner og nokre få menn demonstrerte mot Berlusconi på Piazza del Popolo den 13. februar, var eg på Stadio Olimpico og såg Roma bli slått av Napoli. I billettluka venta ei overrasking; medan mitt mannlege reisefølgje betalte full pris for sin billett, slapp eg – til alt hell kategorisert som donna – unna med det halve. Gisp: kjønnskvotering, i likestillingsverstingen Italia! Og det hadde ein viss effekt: det er noko sjarmerande med flokkar av pelskledde bestemødrer som viser dommaren fingeren medan dei veivar med sine nystrokne Romaflagg.

Kva blir det neste?
Men kva er ein slik kjønnsdelt prisreduksjon eigentleg uttrykk for? Eit ønske om fleire kvinnelege casuals? Eller er det så miserabelt å vere kvinne på ein fotballstadion at vi fortener økonomisk kompensasjon? Kva blir det neste? Avskaffing av offside-regelen, dette kjønnsdiskriminerande og ekskluderande mysteriet av ein regel, som den kvinnelege hjernen er ute av stand til å begripe? Ordninga med halv pris for kvinner kjenner eg elles frå før berre frå utelivsbransjen, der det vel er meininga at kvinnene skal bli så fulle at dei kan bli valdtekne i søvne utan at det skal måtte koste dei skjorta.
Men dersom eg no i staden vel å sjå med milde auge på den romerske kjønnsrabatten, og går inn for å innføre eit liknande system i Noreg, har eg to konkrete forslag til passande arenaer. Eg føreslår a) halv pris på golfutstyr til alle kvinner i næringslivet. Det hjelper lite med ei lov om førti prosent kvinnerepresentasjon i styra, dersom dei ikkje er representerte der dei eigentlege vedtaka blir fatta, og b) eit Clas Ohlson-gåvekort på kr. 1000 til alle menn som går på likestillingsdebatt på Litteraturhuset i Oslo på valentinsdagen.
Då denne debatten blei avvikla i februar, var salen fylt til randa av kvinner, med unnatak av fem menn som hadde sett seg tett saman på fremste rad. Og no kjem min eigentlege agenda. Debatten var i grunnen interessant nok, men til mi store sorg drukna det aller viktigaste momentet i den vanlege kjeklinga om morsrollas svepe: nemleg Elin Ørjasæter si påpeiking av kor utruleg mykje tid og krefter kvinner bruker på utsjånaden sin samanlikna med menn.
«En av fordelene med å være borgerlig feminist er at ingen presser deg til å kaste neglelakk, sminke eller hårføner bare fordi du snakker kvinners sak», skriv Anne Siri Koksrud i siste Minerva, eit temanummer om kvinner. Men det er vel ikkje slik at venstresidefeministane stadig går rundt med konstant vått hår. Denne kampen for å få lov til å sminke seg var nok strengt tatt vunnen for tretti år sidan. Vårt sjølvpåførte skjønnheitstyranni er kome for å bli. Berre synd dette tyranniet skal vere så tidkrevjande.

3225 timar
Det er iallfall ei blanda glede å kunne presentere følgjande utrekning: i mitt liv har eg så langt brukt 3225 timar på å sminke meg. Korleis reknestykket ser ut hos dei italienske kvinnene, verdas tyngst sminka kvinner, tør eg ikkje spekulere i. Vis meg ei kvinne, kanskje med eit lite unnatak i Hege Storhaug, som ikkje på ein dårleg dag i sitt stille sinn har drøymt om å berre kunne slenge på seg ein niqab og spasere usminka til jobben. Optikarindustrien har for lengst greidd å finne opp kontaktlinser som ein kan ha på seg døgnet rundt ein månad til endes utan å ofre augo sine ein tanke. Dette er mitt rop om hjelp: kan kosmetikkindustrien vennlegast snart ta eit grep og finne opp ein sminke som ein kan bere i all slags vêr i tretti døgn? Det ville frigjere så mykje tid i livet mitt at eg ved sida av full jobb kunne ha vidareutvikla og perfeksjonert Homer Simpsons’ oppfinning: ei kvinnehagle som skyt all sminken på plass.
Og kor mange timar har eg ikkje brukt på å rydde inn klede i skapet etter først fortvila ha røska dei ut? Å, som eg misunner mannen hans uendeleg anvendelege plagg dressen. Korleis kan det ha seg at vi, i verdas beste land, ikkje har greidd å kome opp med eit tilsvarande plagg, ein elegant og feminin drakt som ein kan ty til og vere velkledd i alle tenkelege samanhengar, ein femidress? I staden må eg dagleg navigere meg gjennom ein jungel av mislykka kjøp, for til slutt å ende opp med heimekontor. Eg tippar at 1 / 3 av alt sjukefråvere botnar i kapitulasjon ved klesskapet.
Likestillingsdebattar har ein lei tendens til alltid å handle om alt det som kvinna taper på å føde barn, fortrinnsvis tid og pengar. Ja vel, så lat oss flagge ut morsrolla til mennene. Det stemmer nok at det kostar litt å reprodusere seg, men det er lite mot kva det kostar i tid og pengar å sjå presentabel ut kvar einaste dag. Dersom dei raudgrøne er lystne på å for ein gongs skyld ta populismen sin i ei litt konstruktiv retning, føreslår eg at barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken, når han er tilbake frå fødselspermisjonen sin, snarast set ned ein komité beståande av klesdesignarar og kosmetikarar. Eg garanterer suksess.

En mulig parole
Dette er mitt mest ektefølte håp for framtida, og bør ikkje lesast som ein uforståeleg metafor for noko anna. Slik er det iallfall ikkje tenkt. Den dagen menneskeslekta har greidd å finne opp eit klesplagg som tilsvarar mannens dress, kjem det til å bli ei kvinne som løyser prostatakreftgåta. Og ho kunne til dømes vere italiensk. Då er det ikkje urimeleg å gå ut frå at ho òg kan ta seg både tid og råd til å betale full pris for å sjå Serie A-kampar, uklanderleg iført månadssminke og femidress. Dette var visst min parole på årets kvinnedag, den 100. i sitt slag. Gratulerer!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

1 kommentar

  1. Hvem trenger vel anti-feminister når man har slike kvinnesaksforkjempere. Så neste gang en kvinne er borte fra jobb skal det ikke bare hviskes om syke barn i en nedlatende tone,men også om at hun sikkert har kapitulert foran klesskapet? Lurte lenge på om dette var et metaforisk-ironisk innlegg,men det forsikrer forfatteren at det ikke er. Ser for meg følgende scenario “skal vi ansette Hans Hansen eller Rebekka Lund” “Er vel best å gå for Hans,Rebekka kommer jo til å bruke så mye tid på å sminke seg.” Til Dagens kvinne,kårer jeg Tilda Swinton. Vellykket,sterk og vakker kvinne,som får spennende jobber og aldri bruker sminke.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

    Rødstrømpesofie - 8. mars, 2011 at 12:41

Beklager, men kommentarskjemaet er nå lukket.

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00